18. aug. 2014

Prolog

12.10. | Våren er tida for planendring. Håkon var komen inn på nanoteknologi i Trondheim. Hans var eit tastetrykk frå ein einvegsbillett til Wellington. Ei skypesamtale. Dragningar mot austen. Dalai Lama. Han smitta oss med jungelfeber. Nokre månader seinare er billettane bestilt og forsikringa betald. Ein tur, utan retur, til Bangkok. Med ryggsekken på og med vaksinar nok til å skremme bort både malariamygg og rabiesbikkjer er vi klare for både by og bygd. Eit tokt til andre sida av kloda for å finne ut kva begrepet «backpacking» sprang ut ifrå. 


Eit skeivt stearinljos og drøymande reisefolk.

Vi fann fort ut at Gudbrandsdalen er full av historiar frå austen. Ta Line Tvete for eksempel, den bereiste bestyrerinna på fjellhotellet Venabu.   Ho har sykla frå Venabygdsfjellet til Kerala i India. På reisa si har ho blant anna vore på Kerala Peak, heile 6.421 meter over havet. Over ein kaffikopp fekk vi innblikk i korleis livet frå ryggsekken utartar seg. Vi hausta av hennar enorme reisekunnskap, frå myggmiddel og høgdesjuke, til visumreglement og tuk tuk. "Det viktigaste av alt, er å reise i eit roleg tempo," meiner Tvete. "Kom dykk til Bangkok, så tek de resten frå der". Sporty dame.

Lengre nord i dalen bur Inger Gravem, som er diakon i Lesja og Dovre. Denne dama har vore misjonær i Nepal  i fleire år. Reiselysta vart ikkje akkurat mindre da vi besøkte henne, for Inger serverte både kveldsmat og levande reiseskildringar til utpå seine kvelden. Alle som reiser opparbeidar seg ei mengde med kunnskap og erfaringar og Inger var raus med å dele dei med oss. Ho har sjølv reist ute i einsame landsbyar langt til fjells, Nepal ligg jo tross alt på verdas tak. Her finn du Everest og sherpafolket som i uminnelege tider har bore tunge laster.

29. oktober byter kald, norsk vinterluft plass med fuktig tropevarme og skosålane våre møter thailandsk jord. Vi har nesten ingen planer, berre eit ønske om å oppleve Søraust Asia, med menneska, historia og kulturen.  Dessutan er vi gira på å gå fjellturar. Fjellturbiten vil antageleg foregå i Nepal - og når ein fyrst er i Nepal er det freistande å kikke innom India. Når skal vi heim? Ingen veit, men mest truleg i juni, eller når Hans får denguefeber.
• • •