1. nov. 2014

Høneblund og morgonstund


Klokka sju er eit ypperleg tidspunkt for kållemping i Bangkok. Foto: Håkon

01.11. | Trass ei varm natt utan mykje søvn og restitusjon, stod vi tidleg opp. Kvelden før hadde vi landa på Bangkok sin tilhøyrande flyplass og omsider, etter ei omstendeleg rundreise, funne det førehandsreserverte gjestehuset. Søraust-Asia sin uofisielle hovudstad er på alle måter ulikt bygda vi reiste frå; kaotisk og overfylt. Vi stod opp klokka seks og trakk ut i den klamme bylufta for å finne ein noko annleis by som var roleg og sjarmerande. Likt eit spedborn før trassalderen. Rett ved gjestehuset fyrte ei gamal kone opp ein eldstad og langs med gata rigga flittige menneske opp bodar og butikkar. Politifolk hang sløvt i veigkryssa og på benkane hadde uteliggjarane enno ikkje vakna. Vi valsa tilfeldig rundt i to timar utan å bli nedmasa av ein einaste gateseljar. I Bangkok er dette ein sensasjon i seg sjølv.

Morgonmarknaden i Thanon Chakphet. Foto: Håkon

Men som sola stig på himmelen og Bangkok mister sitt uskuldige slør blir byen heit og masete. "Hejmen, verjafråm?" ropar taxi- og tuktuksjåførane frå andre sida av gata, for dei vaknar til ved synet av to vestlege gutar. Dette var sjarmerande i byrjinga, men entusiamsen for desse kontaktsøkande karane sank fort. Dei er innleigde av diverse juggelutsalg som skal lure til seg naive godgutar for å auke profitten. Det er heldigvis ikkje vi lengre, for etter ei episode med ein velkledd og hyggleg lurendreiar  er vi no også vaksinert mot lureri og sleipe knep.

- Håkon
• • •