21. apr. 2015

Om overtru, humbug og bakst

Gutane er attende i gamlelandet, men her kjem ei lita, forsinka skrøne frå India og Nepal.

21.04. Borda bugnar av bakst og asiatiske rytmar dunkar i lufta. Vi blir vinka inn i eit rikt dekorert telt der munkar og andre karar forsyner seg frå dei gilde matfata og drikk lokalbrygga øl. I formen er det mest som å vere på syttandemaifeiring på Lora grendahus. Dei gamle sitt på stolar og benkar medan dei snakkar laust om vêr og naboar. Dei vaksne har ungar på armen og i vognar og borna spring leikande mellom bord og telt. Det er program og framsyningar av dans og song, foreldre er stolte og borna nervøse. Desse inntrykka siv inn gjennom glipen i teltopninga medan unge damer serverar meir mat og drikke. Losar er tibetansk nyttår og vi er dregne med på leiken. Munkar går i ring medan dei slår på digre trommar og maskekledde skapningar jagar vonde andar ut av huset. Vi feirar kanskje tibetansk nyttår, men vi er ikkje i Tibet. Vi held til i Yuksom, ein liten plass i regionen Sikkim som vart ein del av India på syttitalet. Det gamle kongeriket ligg rett ved grensa til Tibet og frykta kanskje dei ville lide same skjebne som nabolandet om dei ikkje slo seg saman med India.

Syttande mai på Lora? Hans er bak stonga i midten. Foto: Håkon

For i 1969 vart Tibet invadert av Kina og den maoistiske kulturrevolusjonen var særleg hard mot buddhistane her. Dalai Lama, som var både verdsleg og religiøs leiar i, flykta saman med mange av hans landsmenn. Nokre reiste til Nepal, men mange kom til India og kongeriket Sikkim. Difor kan vi ferie tibetansk nyttår her i India og difor har Tibet ei eksilregjering i indiske Dharamsala. Sidan den gong har Dalai Lama reist verda rundt som talsmann for fred og spesielt når det gjeld heimlandet i fjella ved Himalaya. Attende i Sikkim står eit telt midt på den store plassen og inni er ein over nitti år gamal munk som nettopp er ferdig med ei periode med intens meditasjon, som vara heile åtte månader. Han har sjølv vore ei lang periode i Tibet, men vart teke av kinesarane og satt 22 år i fengsel frå 1969 til 1991. No sitt han på eit troneliknande sete medan han gir ut velsigningar i aust og vest. Eigentleg skulle vi stikke bortom og bli velsigna vi òg, men før vi visste ordet av det hadde han trekt seg attende til eit hus like ved.

Heftig framsyning. Foto: Hans
Sjølv om vi ikkje var velsigna våga vi likevel å reise vidare til Nepal for å sjå om fjella i Himalaya kunne måle seg med Snøhetta og Svånåtind. I Langtangdalen var tindane kvasse og over tre gonger så høge som den fenomenale austtoppen på Snøhetta. I landsbyen Syabrubesi stoppar bussen og neste dag blir vi venar med stigen. Litt over ei mil lengre opp langs vegen er grensa til Tibet og stigen vi gjekk på var før ein handelsveg til dette landet. Kanskje var det sherpafolk som bar tunge laster med heimevevde klede og yakskinn på denne stigen for hundre år sidan. No ber dei heller øl og snickers til gjestehusa slik at turfolk kan få stilt tørsten og kvele svolten. Stigen går bratt i byrjinga og utsikta blir raskt spektakulær og i sør er horisonten dekka av snøkledde fjell. Vi får servert det legendariske rismåltidet “dal bhat” til lunsj som omfattar potetcurry, linsesuppe, stekt kål og ein stor risporsjon. Når tallerken er tømt får du meir og maten smakar riktig godt. Vi har fått inntrykk av at dei lokale et dette nesten til kvart måltid. Ein dag til går med før vi er oppe på 3800 meter over havet der om lag ein halv meter snø dekkar bakken. Til tross for ei imponerande mengd med høgdemeter er vi fortsatt i dalbotn og Langtang Lirung tronar like ved, 7200 meter over havet.

Enden av Langtangdalen i Kyanjin Gompa. Oppe i skyene skimtar ein snøkvite Langtang Lirung. Foto: Håkon

Det går ein raud tråd mellom Langtang og Sikkim for den tibetanske buddhismen står like sterkt her, som i den indiske provinsen. Bønnehjula, som er store eller små sylindrar med heilage inskripsjonar finn du mest overalt. Langsmed stigen har dei bygd små steinhus og inni er det bønnehjul drive av vasskraft, som ei gamaldags kvern i Noreg. Når bønnehjula snurrar blir heilage mantra spredd ut i verda. Ofte var det gamle karar med bønnehjul på ein pinne som dei spann konstant rundt på. Vi ser òg ei rekkje gamle tofter etter eksiltibetanarar som har bygd seg steinhus og lange gjerde for å halde kontroll på bodskapen. Tibetanarane er no for det meste bortreist, men bodskapen i form av yak trivst fortsatt like godt. Dyret som best kan skildrast som ei blanding mellom moskus og ku, gir mjølk og i Langtang er det tre ysteri som foredlar denne. Sjølv kjøpte vi ein kilo og hadde ost til lunsj i ei veke framover. Fjella kunne nok måle seg med Svånåtind og sjølv Snøhetta. Baksida til dei spektakulære fjelltoppane er at dei er langt mindre tilgjengelege for den jamne kar og terrenget gjer det tilnærma umogleg å gå ei lengre distanse på ski. I Himalaya har du likevel eit kulturelt og religiøst aspekt ved høgfjellet som ein ikkje finn i Noreg. Langs stigen ser du steintavler med heilage inskripsjonar, vassdrivne bønnehjul og endelause snorer med bønneflagg. Dette er eksotisk og trekk turistar frå heile verda.

Hans studerer ein stupa med ein buddhafigur inni. Foto: Håkon

Langtang er så eksotisk at hundrevis av turgåarar strøymer fram og attende dagleg i høgsesongen. Berarar fører madrassar, øl, snickers og cola innover stigane til dei mangfaldige gjestehusa du finn her. På stigen merka vi godt den beinharde konkurransen mellom nepalesarane i reiselivsbransjen. Ein luguber kar sa at stigen var attsnødd slik at vi skulle stoppe og sove hjå han. Liknande humbug skal du sjå lenge etter. “Tea, dal bhat? Have some lunsj? Get some rest?”, kom det frå gamle damer i tradisjonelle drakter med gylne ringar i øyra. For Nepal er av verdas fattigaste land og inntekter frå turistar kan bety mykje for ein fattig familie. Og det er kanskje nettopp difor det er så spesielt å sjå korleis det blir bygd steinhus til bønnehjula og laga steintavler for dei daude når den jamne nepaleser sjølv har det så trongt. Held religion og overtru dei fattige tilbake fordi dei ikkje brukar krefter på arbeid som kunne gitt meir inntekt? Eller er det slik at når ein ikkje har så store materielle verdiar, er det desto viktigare å vere rik i sjel og ande? Attende i gamle Noreg brukar mange for mykje kreftar på arbeid som gir inntekt. Kanskje vi burde bygge nokre bønnehjul her òg.

-Håkon

Fleire skrøner:

  • Høneblund og morgonstund Klokka sju er eit ypperleg tidspunkt for kållemping i Bangkok. Foto: Håkon 01.11. | Trass ei varm natt utan mykje søvn og restitusjon, … Les meir
  • Prolog 12.10. | Våren er tida for planendring. Håkon var komen inn på nanoteknologi i Trondheim. Hans var eit tastetrykk frå ein einvegsbillett til We… Les meir
  • Sunt bondevett 27.12. | "Lei tå dei som flytte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk," syng Bjella på øyret.  Han fortel om undergang. I setet fram… Les meir
  • Angkors born23.11.  |  Vi er ved fødestaden til det mektige Angkorianske imperiet. Det var her, ved Angkor Wat, at kongar over sørausten vart krona og v… Les meir
  • Ein fest for sansane 13.11.  | Denne kvelden er det folkefest på stranda. Fiskarbyen som ellers er så roleg, er no snudd på hovudet og lufta er full av for… Les meir
• • •