16. mars 2015

Tur, trekking og triksing

15.03. |  Å gå tur i Himalaya har vore på bøttelista vår heilt sidan vi sat med kake og kaffi i stova på Leirmo og hamra ut reiseplanar. Reisa har teke oss til indiske Sikkim, fjellprovinsen som er skvisa mellom juvelane  Tibet, Nepal og Bhutan. Vel framme i Gangtok, hovudstaden i Sikkim, skulle det vise seg at det var lettare sagt enn gjort å gå tur her. Vi brukte fleire dagar på å snakke med den eine turopertøren etter den andre. Med Tibet som næraste nabo må ein søkje myndigheitene om løyve for å leggje ut på tur. Uklare meldingar om storm og snogvér gjorde det vanskeleg for oss å vurdere om det var forsvarleg å stryke til fjells. Vi fekk snart innblikk i kor lett det er å skli i gjørma til den skitne turindustrien.

Turoperatøren vi endte opp med var eventyraren mister Deebee. Etter fleire sprakete telefonsamtaler dukka han opp, snøvlande og med lovord om låg pris og godt opplegg. Vi burde nok ha lukta lunta allereie da, men det var valentinsdag og det var lett å få sympati med den einslege Deebee.  Sjølv har han arbeida som berar og guide, og han skraut av å vere fyrste mann opp ein sjutusenmetring som vi ikkje hugsar namnet på. No har han lagt isøksa på hylla til fordel for ei administrerande stilling som turplanleggjar. Da han lurte på om vi ville vere med ut på byen, var det vanskeleg å seie nei. Det var tydleg at både han og kompisen, som også var med ut for å prøve lukka på valentinsdagen, har gjort det godt i bransja. Duoen er kjend som "kongen og prinsen" av Yuksom. Kompisen har reist eit flunkande nytt hotell for turgåarar og yakstallen til Deebee husar over to hundre dyr.

Frå venstre: Tindeprinsen mister Deebee, hotellkongen vi aldri fekk namnet på og landstrykaren Håkon. Foto: Hans
Dei to gode kameratane gav oss skyss fram til Yoksum, trekkinghovudstaden i Sikkim. Hotellkongen hadde vore utvekslingsstudent i Sveits og fortalte om eit breitt utval av kjærestar rundt om frå heile verda. På eit tidspunkt hadde han visstnok snusa på ei norsk jente. No har han lagt lokk på kvinnebedåraren i seg, til fordel for kone og born. "I have to be a good boy now," forklarer han. Vel framme i landsbyen venta kona til kongen med deilige nordindiske rettar og Mister Deebee viste veg til kvar vår seng på luksushotellet. Han forsikra oss om at dette på ingen måte var noko kommersielt, berre ein venleg gest oss vener imellom.

Skulle vi ta det karane sa for god fisk? Den overdådige påspanderinga vitna fælt om ugler i mosen. Samstundes var duoen både sjarmerande og overbevisande. Var det heile eit psykologisk spel for å få oss på kroken? Var det verkeleg mogleg å gå i fjellet, det var jo trass i alt utanfor sesongen? Mange av dei vi snakka med i Gangtok rista skeptisk på hovudet når vi nemnde namnet "Dzongri". Vi var i villrede. Håkon ser på meg, "better to be safe than sorry", seier han barskt. Før sola hadde stått opp morgonen etter lista vi oss ut døra, ut av grepet til taskenspelarane. 

Morgonstemning og full oppvarting. Høgare standard har vi ikkje vorte servert på heile reisa. Foto: Hans
Nede i landsbyen traff vi på tyske Michael og trekkingoperatøren Red Panda. Den raude pandaen arrangerte tur til halv pris samanlikna med det mister Deebee ville prakke på oss. Med eiga kokk, to guidar, to berarar og fire yakar la vi ut på ekspedisjon til Dzongri på 4200 moh. Sjølve opplegget var skreddarsydd og litt kjedleg, men for oss som ikkje er vande med skikkeleg høgfjell og høgdesjuke var det ein fin forsmak på Himalaya. Vi fekk knallvér med sol frå klar himmel og utsikta var vakker og vill. På toppen fekk vi sjå Kanchenjunga bade seg i glansen til ein brennande heit soloppgang. Det var likevel eit annleis og fattigare friluftsliv enn det vi driv med heime. Same kor høgt ein går kan ikkje opplevinga måle seg med fridomskjenslen ved skitur med telt og primus innover dei norske viddene.

Oh baby. Foto: Hans
Medan vi var ved verdas tredje høgaste fjell vart Mister Deebee att nede i låglandet med verdas lengste maske. Han følte seg nok  snytt etter å ha gått tomhendt frå så mykje smisk og smørjing. Det er ei sleip bransje, men om ein leiter godt nok finn ein dei med hjartet på rette staden.

- Hans
• • •