10.11.
| Det er fleire element med den thailandske kulturen som kan verke absurde for bleike nordmenn som oss. Etter ei fuktig natt på den lokale "Loves pub", vart vi lurt med på ei missekonkurranse morgonen etter. Vi vart lova at denne seansen berre skulle vare i "dirrty minuts", men dette viste seg fort for å vere tomme løfter. Med solid skallebank, avbrote av regelmessige selfies med vår thailandske ven, vart vi sitjande å sjå på deltakarane som førebudde seg.
 |
Siste hand på verket. Vår ven stiller i guteklassa. Foto: Håkon
|
Gymsalen er dekorert som til ball, overdådig og glorete. Eit lokalt band spel thailandsk listepop medan elevane strøymer inn. Det går opp for meg kor stereotypisk thailandsk denne situasjonen er. Etter at bandet har spelt ferdig og vi klappar i gang ein applaus, blir vi avbrote av intens og høgfrekvent hyling frå salen. Kvar er Justin? Jentene og transvestittane konkurrerer i forskjellige klasser. Etter at kvar enkelt har gått runda si, kan publikum kjøpe blomsterkransar som dei gir til favoritten sin. Vinnarane blir overøyste med blomsterkvastar, medan andre står tomhendte.
 |
Jenter frå seksårsalderen fulgte ivrig med. Foto: Håkon |
Eg veit ikkje om det er dette opplegget eller kvelden før som gjev meg ein guffen kjensle i magen. Dette er tung kost for oss som er vakse opp i jamnstilte Noreg. Missekonkurransar er éin ting, men å truge dette inn i skulen framfor allereie usikre tenåringar? Kva bodskap signaliserer dette til dei tusen elevane som går på skulen? Gull, glitter, rangering og audmjuking. Eg lurer på kva den enkle munken frå Apefjellet tykkjer om denne praksisen.
- Hans