13.11. | Denne kvelden er det folkefest på stranda. Fiskarbyen som ellers er så roleg, er no snudd på hovudet og lufta er full av forventningar. Dagane før har vi sett damer brette bananblader til spenstige dekorasjonar og gata vorte omgjort til marknadsplass. Det er Loi Krathong, eller den flytande korg-festivalen, som vi ville sagt det. Og korger finnes i haugevis, sjølv kjøpte vi ei for ein slikk og ingenting med røykelse og ljos på. No gjeld det berre å finne ein Thai med lighter så vi kan få fyrt den opp og sendt den til havs.
![]() |
Elden delast mellom innfødte, Hans og vår tyske venn Sinah. Foto: Håkon |
Denne festivalen blir feira over heile Thailand, ved fullmåne i den siste månaden etter thailandsk kalender. Da lagar thailendarane blomsterflåtar som dei sett ut i vatnet, samstundes som dei gjer seg opp eit ynskje. Rundt oss stimlar familiar saman for å fyre opp røykelse og gjere i stand flåtene til seilas. Mange sender opp lysande ballongar laga av rispapir og vinden driv dei mot fullmånen som heng høgt over havet. Det er ikkje mange utlendingar her og ein trivleg kar frå New Zealand seier at denne byen må vere den beste staden for å oppleve akkuratt denne festivalen.
![]() |
Om nokre få straksar er denne ballongen høgt til værs. Foto: Håkon |
- Håkon