09.11. | Vi høyrde mytene før vi såg det; fjellet med namnet Khao Chong Krajok, eller apefjellet som Hans liker å kalle det. Kalksteinsfjellet tronar majestetisk innerst i lagunen der dei lange gatene til Prauchap Khiri Khan strekk seg. På toppen ligger eit forlatt tempel, med gyldne spir som vitnar om buddhismen sin sentrale plass i Thailand. Alle thailandske gutar skal vere munk ei periode i femtenårs alderen, men akkuratt her er det apene som styrer.
Dei skal ha for tilrettelegginga, for her fører rundt fire hundre trappetrinn vettskremte turistar og fredfulle munkar rett til toppen. På vegen opp må du passere apar som parar, slosst og ammar. Alt foregår utan sjenanse for korkje fotografar eller andre skuelystne. Dei som tykkjer elg og rein er kvardagskost, blir lett forskremte i møte med desse hissige pattedyra. Men dersom ein held seg roleg og ter seg på apene sine premisser går det bra.
![]() |
Vi kom opp, men kjem vi oss ned? Stirrar du apene i auga blir dei sinte. Foto: Håkon |
Dei skal ha for tilrettelegginga, for her fører rundt fire hundre trappetrinn vettskremte turistar og fredfulle munkar rett til toppen. På vegen opp må du passere apar som parar, slosst og ammar. Alt foregår utan sjenanse for korkje fotografar eller andre skuelystne. Dei som tykkjer elg og rein er kvardagskost, blir lett forskremte i møte med desse hissige pattedyra. Men dersom ein held seg roleg og ter seg på apene sine premisser går det bra.
![]() |
Ansikt til ansikt med ein trivleg apegut. Foto: Hans |
I byrjinga var vi svært lite komfortable med apene og kameraet låg trygt i dagstursekken, likevel forstod vi litt etter litt kva som gjorde dei aggressive. Etter ei stund gjekk vi roleg rundt for å observere og dokumentere dagleglivet oppe på Khao Chong Krajok. Til alle dei som skal klyve apefjellet i næraste framtid, har vi laga ei kjapp liste med fem ting som kan vere greit å tenke på om du vil kome det ned like heil:
- Stirr dei ikkje i auga
- Hald deg unna ungar, for mor er hissig
- Ungdommsapene er usikkre på seg sjølve og vil alltid prøve å tøffe seg
- Unngå å ta med posar og anna som er lett å stele
- Dei eldste er rolege og kan trygt beskuast på nært hald
![]() |
Munken refsar apa som forsøker å stele til seg ein godbit. Foto: Håkon |
Til vår store overrasking dukka ein munk opp blandt alle villdyra. Han var tydlegvis kompis, for munken kunne stryke dei minste og daske dei største; liksom for å gi dei svake ei hjelpande hand. Han delte ut ymse snacks medan han prata til dei som om dei skulle vere ordinære husdyr. Vi vart ståande bergtatte av denne mannen sitt lag med dyra. Det er tydleg at det er forskjell på folk.
- Håkon