23. nov. 2014

Angkors born

23.11.  |  Vi er ved fødestaden til det mektige Angkorianske imperiet. Det var her, ved Angkor Wat, at kongar over sørausten vart krona og viktige avgjerdingar vart teke. Undergangen av denne stormakta skulle vise seg å vere byrjinga på ei nasjonal tragedie. Siem Reap, som tyder "Siams fall" vitnar om at byen har ei turbulent fortid. Kambodsja har heilt sidan 1200-talet vore klemt mellom bøllene Thailand og Vietnam. Mot slutten av 1800-talet viskar det siamesiste riket omtrent heile landet frå kartet. Franskmennene reddar dei i siste sekund. I god gamal vestleg stil er dette kun ein okkupant i forkledning. Kambodsja går ufrivillig inn i eit nittiårlangt tvangsekteskap med Frankrike. I 1953 kjempar kambodsjanarane seg til uavhengigheit. President Nixon teppebombar austlege delar av Kambodsja som ledd i krigen mot kommunistane i Vietnam. Framgangen og optimismen i kjølvatnet av sjølvstende stilnar brått.

Attgrodd piggtråd er eit vanleg syn i nabolaget der vi bur. Foto: Hans
På same måte som dagens terroristar aukar rekrutteringa si ved hjelp av vestlege bombetokt, gjekk det ei raud bølge gjennom landet. Pol Pot bles liv i eit brennande hat mot vesten.  Den Raude Khmer byrjar arbeidet med å omstrukturere landet til å bli eit kommunistisk bondesamfunn.  Dette prosjektet skulle koste landet rundt to millionar menneske. Alle med utdanning vart forfølgde og henretta.  Fyrst fram mot 2000-talet har situasjonen stabilisert seg. Landet har vorte opna opp for utanlandske selskap, men gevinsten ender opp hjå investorane og rike kambodsjanarar. Pr dags dato er landet eit av dei mest korrupte i verda. Situasjonen er desperat for mange. Misbruk av born er utbreitt. Per dags dato er landet eit av dei mest korrupte i verda. Landet er på betringens veg, men på mange område er det ikkje rusta til å ordne opp sjølv. Kambodsja er eit tragisk kapittel, men gjennom all elendigheita skin det i små ljose håp. Klemt mellom internasjonal maktkamp og utanlandsk utnytting finn ein Angkors born.

To små gutar, hand i hand. Foto: Hans
Vi har vore ei veke å undervist hjå "Angkor's Tree School", ein liten skule som ligg i landsbyen Trang, like utanfor storbyen Siem Reap. Elevane lærer ikkje engelsk på den offentlege skulen, berre morsmålet Khmer. Skulekvardagen er delt opp i tre bolkar på halvannan time. Slik får vi undervist tre puljer med elevar, samtidig som elevane har mogleigheit til å kombinere timar med den offentlege skulen. Alt i alt får mellom åtti og nitti born frå landsbyen undervisning her. 

Sokhom og sønn. Foto: Paul Milton
Sokhom er grunnleggjaren til skulen og er i sanninga ein handlingens mann. Sjølv har han fått erfare vreden til Pol Pot. Familien hans kom frå kvarandre under kaoset til den Raude Khmer. Han mista all familie, bortsett frå foreldra, under folkemordet. Ved hjelp av vener og turister lærte han seg nok til å undervise på den offentlege skulen. Med ei skarve lærarløn greidde han å leige ein liten jordlapp i landsbyen. Her skulle han realisere draumen sin - å gje bort det han aldri fekk. Gratis utdanning. I dag har skulen stått i fire år. Frå den fyrste enkle stråtakkonstruksjonen utan vegger eller pultar, er lokalet no utvida til to undervisningsrom, kledd med panel, vifter, whiteboard og enkle lærehefter.  

Kvar morgon er det obligatorisk tannpuss. Foto: Håkon











Ròten tanngard er eit stort problem i landsbyen, sjølv hos dei minste borna. I heimen er det ikkje vanleg med tannpuss. Derfor er det innført eit strengt pusseregime på skulen. Utdanning og opplysing er  kraftfulle verkemiddel. Kunnskap er som frø. Dei utallige glosane Mari Bøe sådde i meg i fjerdeklasse, spirar no på kambodiansk jord. Brønnen på biletet kosta totalt tohundre amerikanske dollar. Små summar kan gjere store forskjellar, så lenge dei kjem i rette hender.

Lærevillige og takksame elevar. Foto: Håkon
Halvparten av den kambodianske befolkninga er under tjuge år. Denne generasjonen med born skal skrive eit nytt kapittel om Kambodsja. Det som blir utretta ved Angkor's Tree School er det dagens Kambodsja treng. Å hjelpe kambodsjanarane med å hjelpe seg sjølv. Kunnskap er beste måten for å bryte seg ut av fattigdom og misbruk. Det er vorte gjort mykje bra med skulen, men det er framleis planar for å utvide. Klasseromma er stappa fulle og ein treng stadig skulemateriell. Ein liten jordlapp som grensar til skulen er aktuell å leige. Her kan ein utvide med fleire klasserom.

Møtet med Sokhom og borna på skulen har vore sterkt. Familien opna opp heimen sin for oss og vi åt hjå dei kvar dag. Sjølv har eg vore på jakt etter ein vettug måte å drive bistand på, utan at eit mellomledd skal suge halve bidraget mitt. Her fekk vi oppleve det verkelege Kambodsja, utanfor den vemlege turiststraumen. Desse menneska og dette prosjektet går eg god for.

Les meir her og følg gjerne skulen på facebook.

- Hans

• • •