![]() |
Ansikt ein ikkje gløymer. Foto: Håkon |
Dei som ikkje reiste var borna i landsbyen Trang der vi underviste. Vi kunne kikke innom, undervise ei veke for å så stikke av og ete oss sprengmette på mexicansk mat. Borna som bur her i Kambodsja er født inn i eit av verdas fattigaste land der 22% av befolkninga lev for under ein dollar om dagen og 76% av den vaksne befolkninga ikkje kan å lese. Dei kan vanskeleg stikke av. Slike tal har du høyrt før, men å møte auga til desse borna som går ei så vanskeleg framtid i møte er utruleg sterkt. Dei som kom til skulen var allereie priviligerte ettersom Sokhom fortalte at mange måtte arbeide i heimen i staden for å reise på skulen. Ein må aldri gløyme kor priviligerte vi som veks opp i Noreg er og kor viktig det er å arbeide for å løfte stadig fleire ut av fattigdom. Denne skulen er eit døme på kor lite som skal til for å gjere ein stor forskjell og den gir reisande ein fantastisk moglegheit til å bidra. Vi har kanskje reist, men vi vil aldri gløyme ansikta til borna ved Angkor Tree School.
- Håkon