4. des. 2014

Templa ved Angkor

03.12.  |  Templa ved Angkor representerar den største samlinga av arkeologiske funn som finst på jorda. Slik står det skrive i guideboka og forventningane våre var deretter. Med kvar vår solide eitt-girs sykkel trakka vi oss i løpet av to dagar rundt på det enorme området som er overstrødd av steintempel. Det som i dag er ein ruinby, var på frå 800 til 1400-talet sentrum i det mektige Khmerriket. 600 år seinare er det Kambodsja sin mest besøkte attraksjon og vi blir konstant forbikøyrd av endelause straumar av turbussar, tuk-tukar og sykkelturistar som har meir enn eitt gir. Sola brenn like varmt som alltid og den svarte steinen som utgjer mektige Angkor Wat er enno varmare. Angkor Wat er det mest kjende tempelet og er blitt eit nasjonalt symbol for Kambodsja. Vi klyv rett til topps og får utsyn over kilometervis med murar og den lange vollgrava som omgir tempelet. Rundt syng turistkoret på tysk, koreansk, fransk og andre ubestemmelege språk og ein forstår fort at du aldri blir einsam på Angkor.

Austporten til bykomplekset Angkor Thom. Foto: Håkon

Det er kanskje egoistisk å krevje å få alt for seg sjølv, men det er ikkje å kome i frå at dei store menneskemassane legg ein dempar på opplevinga. Templa forblir uansett dei same og frå Angkor Wat stikk vi innom Angkor Thom, ein stor tempelby med murar som strekk seg tre gongar tre kilometer og dannar eit kvadrat med vollgrav rundt. Inne på dette området finn du tempelet med dei mange Buddha-andleta; Bayonen og fleire til. Det er likevel da vi besøker Ta Prohm som enno ikkje er restaurert, at vi får den største opplevinga. Her foregår det ein endelaus kamp mellom jungelrot og steinruin og resultatet er eit tempel som overgår sine restaurerte brødre. 

Nedgrodde Ta Prohm. Foto: Håkon
Kor mykje skal ein restaurere? I våre auge får templa auka verdi når dei møter naturen slik som i Ta Prohm, men japanarane som driv mesteparten av restaureringa er ueinige. Angkor formidlar mykje historie om storslåtte kongedømme og mektige slag, men dei gjennoppbygde hovudattraksjonane levde ikkje heilt opp til forventingane. Vi hadde uansett ein minneverdig sykkeltur langs med kilometervis av steinmurar og enorme menneskeskapte damanlegg. Sjølv jungelfeberen fekk det som han ville og kunne nyte synet av uendeleg jungelvegetasjon. Det er tydeleg at Angkor er mykje meir enn berre Angkor Wat.

- Håkon
• • •