8. nov. 2014

Nytt beite

08.11.  | Eksos opp til halsen. Hundrevis av meir eksotiske reisemål. Tida er mogen for å koma seg sørover. Den grove skissa for turen er å luske nedover på kartet, via fiskelandsbyar og majestetiske landskap. Frå Bangkok hoppar vi inn i den vesle toyotaen som skal ta oss ned til den søvnige landsbyen Prachuap Khiri Khan. På vegen blir vi kjend med Orachat, ei triveleg jente som skal ut av byen for å jobbe. Tida flyg forbi i godt selskap og reisa går fort og uproblematisk, trass i svette, trange kår og ein sjåfør som ikkje kan eit ord engelsk.

Asfalt og skyskraparar er erstatta med fiskebåtar og alpine fjell. Foto: Håkon

Vel framme i landsbyen skjønner vi fort at Prachuap Khiri Khan har mykje å by på. Hostellverten pratar med gebrokken engelsk om eit kloster på toppen av eit fjell, som skal vere busett av ein stor bestand apekattar. I hagen trippar ein nervøs gut som gjer siste førebuingane før den regionale missekonkurransa.  Han er dugeleg sminka og oppstasa, med gull ifrå topp til tå. Inne i stoga sit ein  middelaldrande nederlender, som mellom røyk og hosting fortel om at det snart er fullmåne, og at det blir stelt i stand ein stor festival.

Dei er kanskje ikkje like produktive som NRF-kyra, men desto finare! Foto: Hans

Her ute har alle god tid. Trafikken flyt roleg og jamnt. Folk helsar og smilar. Prisane er lågare enn i Bangkok. Dama som til dagleg sel oss frityrstekt banansnacks nektar å ta i mot ekstra pengar, sjølv om ho sikkert kunne ha bruk for det. Her regjerer ei høgtideleg ro og orden, med ei salig blanding av gamle hippiar, ryggsekkturistar, skrukkete kvite menn, gateseljarar og fiskebønder. Det berre å kaste seg rundt, for her er fjell som skal klyvast og grotter som skal undersøkast.

- Hans
• • •