2. nov. 2014

Folkefest ved Sanam Luang

Folkedrakt frå Chiang Mai, ekshovudstaden i Thailand. Foto: Hans

02.11. Vi har nett hoppa av trebåten som til dagleg tek oss inn til bykjerna gjennom trange kanalar og fattige kår. Overraskinga er stor da vi sveitte og solsteikte etter ein lang dag på marknaden i Cha Tu Chak, får auge på oppstasa fargeklattar på andre sida av gata. Ved nærare inspeksjon skjønner vi at dette berre er fortroppen til eit storstilt folketog. Ein kilometer med nasjonaldrakter, dansegrupper, musikarar og jøglarar utløyser ei gnistrande atmosfære i gatene. Menneske frå heile verda har samla seg i Bangkok for å ta del i årets «World Puppet Carnival». Ei gamal innfødt dame dultar borti meg og nikkar annerkjennande: «it's såh butiful». Ein treng ikkje vere dukketeaterfantast for å la seg glede av ein god folkefest.

Denne femten meter lange dragedukka var festens midtpunkt. Foto: Hans
Arrangementet var ei frisk avveksling frå den grumsete Khao San-kulturen. I området vi bur er det  mykje vestleg ungdom, og eg tykkjer kanskje dei eg har møtt er ein smule einspora. Fest, rus og andre syndige innslag flyt gjennom gatene. Kvar morgon blir gata rydda og bygd opp at av dei innfødte og kvar kveld riv turistane den ned. Slik går Khao San sin evige runddans. Thailendarane er stort sett veldig trivlege, men det er ikkje til å kome ifrå at Bangkok er eit djupt og mørkt hol som det skal bli befriande å klatre ut av.

- Hans
• • •