3. nov. 2014

Med nebb og klør

03.11. Vill skratt og utanlandske kraftsalver rungar gjennom gata.  Ei gruppe karar har flokka seg i ein stor ring. Vi trålar gatene i  bydelen Chinatown etter ein plass å ete da denne ansamlinga fangar merksemda vår. "Kom heh - kom heh an' lukh!", ein av tilskodarane har fått auge på oss. Han seier noko til karane, og dei gjer plass til oss rundt ringen. Raude hanekammar dansar rundt i eit lite amfiteater til stor begeistring for forsamlinga.

I ein virvel av fjør og spark barka dei ihop. Mannen i svart med hanetrøye. Foto: Hans

Synet av dei blodige, fjørlause og slitne hanene gjorde meg fyrst litt uvel. For ei barbarisk form for underhaldning, tenkte eg. Gamlekarane i Lesja nøyar seg med å kaste hestesko dei.  Trass i alt var denne episoda veldig fascinerande. Lokale folk samla seg, midt på dagen, for å lage god stemning.  Her blir hanene hedra som heltar. I Noreg hadde dei vorte fôra trillrunde og vakumpakka til det ugjenkjennelege.

Jau,  det er moro med hanekamp. Foto: Hans

Plutseleg flaksar den eine hanen opp på kanten til ringen. Han kastar inn handkledet. Gjennom jubel og banning blir sedlar fordelt. Hanene blir plassert i bura sine og resultatet loggført.  Seansen er over og folk ruslar attende, kvart til sitt.

- Hans


• • •