5. nov. 2014

Kaffislabberas

06.11. |  Eg hadde enno ikkje fått ein skikkeleg kaffikopp. Bangkok har forsåvidt den velkjende kaffikjeda Starbucks som med sine søte frappuccinoar nyleg har teke Oslo med storm. Men noko skikkeleg kaffibar, med skjeggete baristaentusiastar var ikkje å sjå. Vandrande rundt i utkanten av Chinatown kom vi over Sati Coffee, ei real hipsterbule med keramikkverkstad i andre etasje og fotokurs i tredje.

Elegant handpresse for å lage skikkeleg god espresso. Foto: Håkon

 Bangkok er ikkje berre jalla, sjølv om ein fort får det inntrykket. Graver du lenge nok i ei søppeldynge, vil du før eller sidan finne ein juvel. Denne juvelen var både rimeleg og velsmakande. Høgdepunktet må vere den elegante handpressa som på magisk vis førte vatnet gjennom den finmalte, medium brende kaffien og este ut som krutsterk espresso på andre sida. Ei slik presse kostar ikkje meir enn rundt 1200,- og er difor ein svært rimeleg måte å lage god kaffi på. Baristaen snakka varmt om Chiang Mai, byen i nord som flaumar over av kaffi og ligg nære fjella. Etter eit streif sørover blir nok dette neste destinasjon.

- Håkon

Movember er i gang og Hans feirar med iskaffi frå handpressa. Foto: Håkon

• • •