4. des. 2014

Der peparen gror

03.12.  |  Ris, ris og atter ris. Landbrukslandskapet i Kambodsja er dominert av endelause rismarkar. Kambodsjanske matmenyar renn over av ris. Sjølv godisen har ris i seg her til lands. I ein roleg elvelandsby er det likevel noko som bryt med den monotone kvite substansen. Reisa har teke oss til peparparadiset Kampot. Gourmetkokkane siklar berre dei høyrer namnet. Vi tok turen til ein av dei som driv bakom kulissane til den edle merkevara

Norbert fortel den eine peparskrøna etter den andre. Foto: Hans

Fuktig klima og mineralrik jord gjev plantene idéelle groforhold. Produksjonen her i garden er utelukka økologisk. Plantene blir gjødsla med ku- og flaggermusmøkk, sistnemnte skal visstnok vere utruleg rik på amoniakk. Til å sprøyte plantane mot insektplagar nyttar dei saft frå sure bær. Arbeidet med peparet er ein møysomleg prosess. Det krevst nøye planlegging gjanom heile året for at korna skal vere mogne innan regntida slår inn for fullt i månadsskiftet mellom mai og juni. Alt av arbeid frå planting til pakking skjer manuelt. Ingenting er som smaken av ekte handverk.

Desse soltørka lekkerbiskane ville nok tilfredsstilt ganen til min kulinariske urteven Pierre Chambenoit. Foto: Hans

Desse små korna har lenge vore annerkjend som eit av verdas mest aromatiske og velsmakande peparsortar. Franske kolonistar var tidleg veldig begeistra for krydderet, som har tradisjonar heilt attende til khmersk stordomstid. Ingen fransk resteurant ville vere forutan peparet frå Kampot. Uroa etter borgarkrigen la ein brems på salet. No som det byrjar å stabilisere seg i landet kan peparet på ny endeleg nyte den hederen det fortener. Som fyrste produkt frå Kambodsja har merkevara frå Kampot fått beskytta geografisk beteikning frå Verdas Handelsorganisasjon.

Ein nyblomstra peparstengel. Foto: Hans

Sothy's Pepper Farm er ei liten gard på skarve to hektar. Trass i dei små forholda gjev dette grunnlag for rundt ti årsverk. Den auka merksemda rundt produktet har betydd utruleg mykje for dei ute på landsbygda. Nå som dei blir gjeve ei meir rettferdig løn har familiane til dømes høve til å gifte bort døtrene sine.  Det at menneske som tyskaren Norbert har introdusert krydret for den internasjonale marknaden skapar ringvirkningar i heile lokalsamfunnet.

I skrivande stund er vi i kontakt med eigarane Norbert og Sorn. Vi vurderer å fornye visumet vårt i Kambodsja for å ta arbeid på garden. Slik er ferda på livets landeveg. Uforutsigbar. Og herleg.

- Hans
• • •