18. des. 2014

Adventsarbeid og slaraffenliv

18.12. | Jula nærmar seg med stormskritt. Inne i byen heng dei glorete juleljosa i gatene og små servitørar og servitriser går med nisseluver og reinsdyrshorn på hovudet. Men dette har vi ikkje merka mykje av. Isolert inne i ein frodig  dal utanfor kystbyen Kep, utan innlagt vatn, straum eller wifi, har vi jobba ei veke som enkle peparbønder. Her har den rolege atmosfæra bana veg for tanke, refleksjon og nye inntrykk. Med ei eiga jungelhytte og gilde porsjonar med khmersk tradisjonsmat  har vi verkeleg kosa oss. 

Mellom frukttre og peparmarkar finn du jungelhytta vår.  Foto: Håkon
Kvar morgon vakna vi i fem-sekstida av hanane som gol om kapp. Etter ein time med slumring luska vi ned til restauranten, som ein kan skimte til høgre i biletet. Der venta ein etterlengta tallerken havregryn med mjølk til frukost. Kona til tyskaren Norbert, Sothy, er ei kokkeleringsgudinne som varta opp med dei deiligaste rettar. Oppholdet bar preg av at vi var dei fyrste frivillige som har vore husa på garden. Vi fekk forsyne oss fritt av leskande drikk frå fryseboksen og ellers vart vi teke i med silkehanskar. Som til dømes da Sothy tvang Hans til å drikke hydreringsmikstur, fordi han såg litt bleik ut. Etter lunsj braut arbeidslaget opp i ein kollektiv siesta. I hengekøya venta lesing og julekortskriving.

Tre glade gutar. Foto: Sothy
Ei bestilling på to hundre og femti kilo svart pepar gjorde sitt til at vi vart sitjande med pinsett for å sortere ut dei kvite og raude peparkorna. I byrjinga tykte dei lokale arbeidarane at det var merkeleg å ha dei bleike gutane vimsande rundt omkring, men dette endra seg fort. Det skapte både forundring og latter i leiren da vi ein morgon trampa inn på kjøknet for å steike pannekaker. Snart fekk vi opplæring i å lage "fish amok", ei tradisjonsrik fisk- og potetgryte.  Konservative kambodsjanske kjønnsrollar vart utfordra.

Den kjederøykande kollegaen vår snur i peparen. Foto: Hans
Gamlekaren Butsjered på biletet heng i frå morgon til kveld.  Han jobbar ei periode på garden, samtidig som han har ansvaret for eit borneborn i ein annan landsby. I Kambodsja trår familien inn der velferdsstaten er fråværande. Vi vart óg kjend med Mien og Sokh, eit ektepar med to døtre som bur på garden. Mien er ein solid kar med glimt i auga og Sokh har, med litt oppføling frå Sothy, slutta med gambling. Sjølv om dei tener til livets opphold er dei rekna som nokre av dei fattigaste i området. Dei sterke familietradisjonane har óg ei skyggeside. Ekteparet har slektningar som på det eine eller andre viset har havna på skråplanet. Desse krev at dei deler det dei tener, så dermed er det vanskeleg å jobbe seg ut av fattigdomen.

Ein slimete slyngel slyngar seg i sengestolpen. Foto: Håkon
Eit lite maskulint hyl frå jungelhytta braut ein kveld stilla på tunet. Sothy, Sokh og ei av døtrene hennar styrta forferda opp for å sjå kva som var på ferde. Latteren ville ingen ende ta da det viste seg at det berre var ein frosk som hadde sett ein kraftig støkk i gutane. Jungelhytta baud på fleire tropiske overraskingar. I toalettskåla venta ei gigantisk vevkjerring. Maur strøymde langsetter golv og bjelkar og firfisler kraup langsmed veggane. Men stort sett var det berre trivleg med selskap og eit solid myggnett rundt dobbeltsenga sikra nattesøvnen.

Norbert baud på tyskinspirert øl og kombinert med god mat og godt lag var middagen eit høgdepunkt. Etter at maten var fortært var dagen ferdig og vi stavra oss sprengmette opp til hytta. Kveldspraten på verandaen, under ein stjernehimmel som ein må opp høgt til fjells for å finne par ved, skal seint bli gløymt.

- Hans


• • •