24.12. | Det er julaften og vi er omtrent 8500 kilometer frå heime. Dei siste 24 timene har dreid seg om alt anna enn salmer, song og sirupssnipper. Veslejulaften stod vi tidleg opp og reiste på hulesafari i Konglor-hula før vi spente på oss hjelmen (ikkje skia) og køyrde dei 220 kilometra frå hula til byen Thakhek med ein kort stopp for å lappe to punkterte framhjul. Vel framme åt vi burger, kylling curry og pad-thai og rakk såvidt å jumpe på nattbussen som tok oss til hovudstaden i Laos; Vientiane.
 |
På Bolaven-platået kom vi over denne staselege julegrana. Foto: Hans |
Sporadisk kjem vi over desperate forsøk på å skape julestemning med mekaniske nissar og spraglete plasttre. Heldigvis er det ikkje julepynten vi saknar mest, heller hyggelege stundar med folk ein er glad i. Og julekaker og riskrem sjølvsagt. Men det er hygga som er det viktigaste og vi skal alltids klare å hygge oss, sjølv om vi ikkje har snø og minusgradar. Vientiane har eit enormt restaurantutval og ein haug med trivlege kaffear. Vi har til og med kosta på oss eit hotell som har mjuke senger og det er sjeldan kost her i verda. Det er ein positiv ting med å sultefore seg sjølv på julestemning - da blir det enno betre med jul neste år. Gledeleg julefering!
-Håkon