27.12. | "Lei tå dei som flytte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk," syng Bjella på øyret. Han fortel om undergang. I setet framfor meg sit ein gut med ein spraglete hane i fanget. Vegen snor seg langsmed den mektige Mekongelva. Gjennom ruta på bussen ligg åkarlappane tett. Krumbøgde ryggar krafsar i jorda. Vi er i Laos. Her finn ein ikkje nedlagte bruk.
![]() |
Eg får ein leksjon i ris medan drengane tek seg ein full kroppsvask i brønnen. Det har vore ein lang dag på rismarkene. Foto: Håkon |
I bygdaboka for Lesja kan ein lese at garden heime på Avdem på eit tidspunkt husa opp mot tredve menneske. Det var lenge sidan. I dag har dei som før ville vore bundne til ljåen vorte fri til å finne seg andre yrkesvegar. Det er ikkje råd å seie anna enn at dette er ei god utvikling. Samstundes vasar Bjella rundt i nedlagte bruk. Å verdsetje jorda og bruken av den er noko vi kan lære av menneska i Laos og Kambodsja. Desse to landa er i same situasjon som vi var i før traktoren kom på bana. Nyopna landegrenser, kinesiske investeringar og meir handel opnar opp for moglegheiter ein ikkje hadde før. Mykje tydar på at ting kjem til å forandre seg. Kva vil ei industrialisering av familiejordbruket føre med seg? I dag må ein ut på landsbygda for å oppleve eit autentisk søraust-Asia. Korleis vil ein slik overgang påverke menneska og kulturen vi finn her?
![]() |
Med musikk frå ein rusten lommeradio steller han radene med søtpotet. Foto: Hans |
Det er lett å seie at eit så gamaldags landbruk er slåande ineffektivt. Men kva er alternativet? Soyaproduksjonen i Brasil er eit døme på kor mykje verre ting kan bli. Store selskap leiger jorda frå bøndene. Genmodifiserte frø vert sådd og jorda sprøyta med fly. Innhaustinga som før gav mange jobbar har vorte erstatta av monstermaskiner. Regnskog vert nedhogd. Sprøytemidla frå flya forureinar elvar og grunnvatn. Når leigekontrakta er over er matjorda øydelagt for lang tid framover. Lokalbefolkninga sit att både svoltne og arbeidslause. Pengane vert kanalisert ned i lommene til styrtrike soyapampar.
Matjord er ein ikkje-fornybar ressurs dersom ein ikkje forvaltar den riktig. Respektlause karar med slips trugar både tilgang på mat og arbeidsplassar mange stadar i verda. Er det mogleg å kombinere moderne verkemiddel og sunt gamalt bondevett? Kan ein ivareta berekraft både for miljø og økonomi, samstundes som ein mettar ei veksande verdsbefolking? Småskalajordbruket står for heile to tredjedelar av matproduksjonen i verda. Det er innlysande at ein lyt verne om det. Landbruk er eit tema som omhandlar alt frå biomangfald og klima til etikk og politikk. Ein har ikkje råd til at kunnskapslause og grådige krefter får monopol på vår viktigaste næring. Det var landbruket som gav grobotn for dei fyrste sivilisasjonane, og det er landbruket som i dag kan redde vår eigen.
Kva er status heime i Noreg? Listhaug prisar oljelandbruket og set alle klutar til for å gjere storskala større. Importen av råstoff til kraftfôr aukar. I samband med krisa i Ukraina steig kveiteprisane med fem prosent over natta. Det er lenge sidan sjølvforsyningsgraden i Noreg har vore lågare. Dette er skremmande når vi lev i slike urolege tider. I år er den norske juleribba tysk og full av antibiotikaresistene bakteriar. Dei som leverer maten vår set krona framfor dyrevelferd, helse og ærlegdom. Korleis beheld ein føtene på landjorda i ei verd der kapitalkreftene har nådd orkanstyrke?
Vinteren kjem.
Anbefalt litteratur:
"Handle rett" av Siri Helle (Takk for tips Anna)
"Sannheten på bordet" av Niels Christian Geelmuyden. (Til Elise Kjønsletten: Sigurd Avdem etterlyser denne)
- Hans