8. jan. 2015

Bananbistand

08.01.  |  Vi kalla henne ganske enkelt banandama. Kvar morgon fyrte ho opp frityrgryta langsmed vegen framfor stranda i den vesle byen Prachuap Khiri Khan. Banandama forvandla ferske bananar om til herleg frityrsnacks som vi konsumerte jamnleg i løpet av dagane i kystbyen. Ho var næraste nabo til staden der vi åt vegetarlunsj og når du et vegetarlunsj har du sjølvsagt samvit til å rive med deg ein pose med sprø, feite frityrbananar. Men denne teksten handlar ikkje berre om frityrstekt banan, heller om korleis reising kan bidra til økonomisk utjamning.

Noreg er eit demokrati, men vi røystar ikkje berre kvart andre år, også kvar gong vi kjøper mjølk eller brunost. I ein fri marknad røystar du med lommeboka på dei foretaka du vil skal halde fram. I Prachuap Khiri Khan røysta vi på banandama. Dersom kvar krone eller baht ein brukar er ei bevisst røyst i den frie marknaden sitt demokrati tenkjer eg at ein kan utgjere ein forskjel. Om ikkje berre ein liten. Ein kan seie kva ein vil om marknadsliberalisme, men det gir forbrukarane ein unik moglegheit til å påverke; så lenge ein handlar med hovudet.

Da sykkeldekket punkterte bytta vi tre dollar mot ei god historie og ny slange. Foto: Håkon

Slik kan reising vere ei form for økonomisk utjamning eller bistand om du vil, men det treng ikkje å vere det. Dersom ein et på McDonalds og søv på Hilton blir bistandseffekten heller reversert. Dersom ein et iskrem frå Nestlé istaden for å kjøpe ein ananasshake frå boden på gatehjørnet, bidreg ein til å skape økonomiske forskjellar. Pengane går frå familiemannen som slit med å få endene til å møtast, til eit globalt selskap som har overskot større enn Kambodsja sitt statsbudsjett. Sjølv forsøker vi å handle lokalt så langt det let seg gjere. Til frukost er få ting så godt som ei nuddelsuppe med ferske urter og grønsaker,  men iblandt fell vi hen til gamle synder og kjøper Cola eller sjokolade frå Nestlé. Nokre gongar blir freistnaden for stor. 

Som reisande kan du handle banansnacks lokalt (blå pil) og få ein kulturell og etisk bonus (blå +) eller handle dyre, globale merkevarer.

I samanlikning med Noreg er marknadskulturen i Søraust-Asia mykje meir utbredt. Morgon- og nattmarknadar er å finne i alle tettstadar og langsmed gata er det alltid haugevis av bodar som sel frukt, baguettar eller banansnacks. Da majoriteten av arbeidstakarane i Noreg flykta frå primær- til servicenæringane mista vi denne kulturen – til fordel for Rema 1000 og Narvesen. I Laos er det lågare terskel å etablere ein bod for å selje grønnsaker og det gjer at ein slepp supermarknaden som mellomledd. Slik er det enklare å støtte små, lokale foretak og bønder. Marknaden gir ein tilgang på fersk, kortreist mat i tillegg til at den er ein sosial møteplass. Eg skulle ønske vi hadde klart å vekke til live marknadskulturen i enno større grad i Noreg. Vi har Bondens marked, men det er likevel eit marginalt tilbod berre i dei største byane. Kanskje er det eit for strengt mattilsyn og eit omfattande byråkrati som står i vegen?

Ikkje akkuratt Jokern på Lesja. Dette er marknaden i Kampot i Kambodsja. Foto: Håkon

Visdomsordet «Tenk globalt, handle lokalt» kunne ikkje vore meir treffande. For det er nettopp lokalt ein bør handle. Handlar ein nuddelsuppe istaden for kjedeburger får ein eit betre produkt som er billigare og vi turistar får ei herleg kjensle av å oppleve autentisk kultur. Tenker ein globalt ser ein korleis pengar som er tent i Noreg skapar sysselsetting og økonomisk vekst i eit land, i ein by og for ein familie som sårt treng det. Antageleg er fruktshaken også både ferskare og sunnare enn isen frå kjøledisken. Brukar du penger riktig når du reiser blir du nesten betre enn Robin Hood. Du gir deg sjølv gode opplevingar som utvidar din eiga horisont, du støttar menneske som treng dei pengane meir enn deg og du bidreg til å oppretthalde lokal kultur og tradisjon. For reising kan og bør tene både turisten og dei lokale og da er det lengre ikkje nokon unnskyldning for å gro fast heime. For det er mange som banandama der ute som berre venter på å fyre opp frityrgryta.

- Håkon
• • •