12.01. | Du ser det i auga deira. Dei som er infiserte. Augene gløser opp når dei kjenner teften av turistar. Pengesjuka har spredt seg over store delar av verda. Sjølv dei mest avsidesliggjande landsbyar er truga av viruset. I den fjernaste av dei alle, landsbyen Huaybo, møtte vi ein av dei som har knekt falangkoda. Kremmaren. Landsbyhøvdingen. Mister Ki.
![]() |
Finn du ein skriveleif? Mister Ki har lært seg å snakke engelsk, men heldigvis for oss kan han ikkje lese. Foto: Mrs. Ki |
Dei kjem frå ymse forskjellige sosiale lag i samfunnet. Smittegraden varierer frå uskuldig overprising til grov svindel. Ein fellesnemnar er at dei er nyrike og har grunnleggjande engelskkunnskapar. Mister Ki snakkar ustansleg om pengar. I eit samfunn der dette historisk sett har vore mangelvare, vert mange freista til å slukje i seg av den utappa falangressursen. Når éin i landsbyen har knekt falangkoda, fylgjer andre etter. Mindre inntektsgivande næringar som jakt, fiske og jordbruk lyt vike for vandrande pengesekkar, falangar, som utgjer oss utlendingar. Vel og bra at fleire tener raske pengar, men er dette eit sverd med to eggjar? Turistnæringa kan vere utruleg ustabil i forhold til dei tradisjonelle næringane. At avlinga var god eitt år, betyr ikkje at neste år vert like bra. Eg minnast ein tuktuk-sjåfør i Siem Reap som skildra korleis ebola-hysteriet hadde kvelt turiststraumen inn til byen ved Angkor.
Sjølv om nokon har vorte smitta av pengesjuka, utgjer desse berre ein minoritet blandt det laotiske folk. Stort sett er menneska her av den typen som takkar høfleg nei til tips. På motorsykkeltur sør i landet gjekk det gale med både Håkon og meg. Medan Håkon var heldig og punkterte rett ved ein landsby, var ikkje eg like heldig. Framhjulet mitt anda ut på toppen av eit aude fjell. Det var allereie langt på dag og gode råd var dyre. Men den fyrste pickupen som køyrde forbi tok både meg og sykkelen på planet. Grei som han var køyrde han meg fleire mil fram til næraste verkstad. Vel framme greip eg ned i lommene etter ein slant, men han berre rista smilande på hovudet.
Ein finn fleire døme på at det laotiske folk er fri frå begjær og ambisjonsjag. Da nye rissortar frå Vietnam med auka avlingspotensial vart introdusert for bøndene i distriktet Xiangkhoang, sådde dei berre mindre. Så lenge dei hadde nok ris året gjennom kunne dei ikkje forstå kva auka avling skulle vere godt for, fortalde briten Mike meg. Denne haldninga har nok røter som strekk seg attende til Buddha si tid. I ei tid der sekualiseringa er på frammarsj har mykje av ballasten frå dei gamle religionane vorte meir og meir svekka. Gammal visdom om nøysemd og rausleik lyt vike for begjæret. Sjølv om vi heime i Noreg emballerer begrepet begjær med ambisjon, lid vi kanskje av same sjuka. I midten av februar kryssar vi Bengalbukta, og der ventar mange glupske indarar. Da lyt ein halde tunga rett i munnen, slik at ein ikkje vert biten av ein infisert.
- Hans