29. jan. 2015

Bonden i Bagan

29.01. | Sola brenn nådelaust dei to kvite okseryggane som fører harven gjennom den varme sanda. Bonden styrer med stødig hand og klargjer eit karrig jorde for nye vekstar. Dette kunne vore nesten kvar som helst i Myanmar, men akkuratt denne bonden har ei utfordring som få andre har; teglstein i åkeren. Medan nyfrelste vikingar reiste steinkyrkjer her i Nord, var det eit heilt anna tempo i landet omkring jordlappen til bonden med stråhatten. Den gamle byen Bagan vart grunnlagt av krigarkongen Nanzhao rundt 850 e.Kr. og da tenåringen Aniruddha vart konge i 1044 tok ting seg verkeleg opp. Ungguten kriga i alle dei fire himmelretningane, kjøpslo med både det som i dag er Thailand og India og var til og med gild mot dei religiøse. Medan krosstoga dundra i vest vart Bagan, som ligg ved den store Irrawadyelva, eit buddhistisk samlingspunkt for heile Søraust-Asia.

Tre arbeidsjarn på historisk grunn. Foto: Håkon

Etterfølgande kongar hadde òg sans for skrifta og reiste tallause kloster, bibliotek og ikkje minst tempel og pagoder. I motsetning til Kambodsja sitt Angkor Wat bygde burmesarane i raud teglstein som i dag er strødd utover heile Bagan. Her står i dag omlag 2000 teglsteinsbyggverk, meir eller mindre velheldt. Runde pagodar i alle storleikar, som liknar kuleisar snudd på hovudet, og store tempel til ære for Buddha. I dag er det stort sett berre dei religiøse bygga som står att etter mongolarane storma hovudstaden på 1300-talet. Tidas tann har tæra på bygga og difor har mange av teglsteinane reist frå tempelmur til åkerjord. Omfanget er likevel enormt og leiger ein seg sykkel kan ein trakke rundt timesvis på forblåste sandvegar og kome over det eine tempelet vakrarare enn det andre. Dei største er omringa av turistbussar, medan dei av mindre kaliber kan nytast uforstyrra frå korkje seljarar eller sandalskodde koreanarar.

Eit kloster med fire munkeceller på sidene. Desse er fortsatt i bruk. Foto: Håkon

Eg og Hans sitt i skuggen ved inngangen til ei av dei 2000 pagodene og leser da vi plutseleg høyrer ubeskriveleg religiøs messing ralle innanfor mursteinsveggane. Det er ein eldre burmesar som avtener si religiøse plikt og demonstrerar samstundes kvifor Bagan er slik ein spesiell stad. Alle dei buddhistiske byggverka er like heilage i dag som for 800 år sidan og blir brukt jamnleg av dei lokale. I Myanmar er omlag 80% av innbyggjarane buddhistar og Bagan er i tillegg eit populært mål for pilegrimsreisande - no som da. På mange vis har tida stått stille på jordet utanfor pagodene, der oksar antageleg har stampa uavbrote i mange århundre. Bonden har kanskje jorde på historisk grunn, men unnslepp ikkje dagens mørke realitetar; ein militærjunta som styrer med hard hand. Da må det vere fint å kunne kvile ryggen mot pagoda, ofre ein banan til Buddha og tenkje på tida Aniruddha regjerte marka i Bagan.

Litteratur:
"The river of lost footsteps - a personal history of Burma" av Thant Myint-U

- Håkon

• • •