16.01. | Det var to timar igjen til Luang Prabang, men etter å ha stirra på høge fjellåsar gjennom bussruta, ville eg ut. Og i Phou Khoun, ein landsby ved eit vegkryss på ein fjellrygg, hoppa eg av. Her var mørkret og kulda dei fyrste som helsa velkomen, og flisgenseren frå Vientiane helsa attende. Bussen hadde stoppa i rundkøyringa og like før den reiste vidare var eg av og innlosjert på eit enkelt gjestehus. Ein drøymer alltid om å reise der ingen andre reiser, men akkuratt her kjende ein seg mest einsam og forlatt. Dei lokale var kalde slik som lufta og landsbyen i seg sjølv var ikkje noko å kvile auga på.
 |
Nordlege Laos er ein labyrint av steinryggar. Foto: Håkon |
Neste morgon var eg vaken før ljoset og utrusta ein fotoekspedisjon ut i det einsame aude. Dei få vakne fyrte opp båla til riskoking, vaska seg eller bar ved til ein dag med matlaging. Enkelte lastebilar køyrde fort langs vegen, men ellers var morgonen kald og stille. Utsynet gøymde seg på ein forlatt bakketopp i enden av ein bratt grusveg og sola var heldigvis enno gøymd bak fjerne fjell. Den påfølgjande timen var eg tilskodar til ein uslåeleg pardans mellom ljoset og geografien. Det var mest som om skaparen sjølv hadde regien, for verket var velkomponert på alle vis. Ei spak blå byrjing gjekk raskt over i ein heit svingom, glødande som varmt jarn. Tåka sveiv som lett graut før ho umerkeleg gjekk i skjul til neste natt. Trevler av ferskt ljos varma andletet og alt rundt. Her var ein ikkje einsam lengre.
 |
Frå daud oske til levande glør. Foto: Håkon |
Det var eit maktspel mellom materie og ljos der menneska vert maur i forhold. For når alt kjem til alt er vi berre nokre rusk på ein stor, kald stein og det er ljoset som skapar alt liv. Nede blandt betonghusa var nuddelsuppa blitt kokt, og der det er mat er det folk. Brennande ved varma kalde hender. Frukt, kjøtt og grønsaker gav fargar til grå marknadsbodar og inntekter til selgjarar. Eg var ikkje lengre ein liten tilskodar, eg var ein falang, ein ukjend gut med annleis språk. I denne landsbyen får falangar stive blikk frå dei fleste og skremte blikk frå dei minste. Klokka var no ni og eg reiste ned frå fjellet og feira nyttår i Luang Prabang.
- Håkon