03.02. | Mellom kokande gryter og pent oppstabla
ved ligg ho. Den heimekoslege testova midt i Mandalay sentrum.
Matlufta freistar sjølv om vi nett har ete frukost. Vi bestemmer oss
for å ta ein rast medan vi ventar på toget som skal ta oss vidare
på reisa. Mannen i ruter ber oss hjartleg velkomne med ein dansande
deig i hendene.
Her vert lunsjen eten og det siste av
sladder og skrøner fortald. Dei eldre karande studerer dagens avis
eller brakar saman i eit slag sjakk, medan ungdommen fiplar i veg på smarttelefonane sine. Vertsdama spanderar små appelsinar på oss og
skryter av kor friske dei er. I dag har ho lagt på eit tjukt lag med thanaka, ansiktskremen av bark som skal gjere ho fager og sprek. Guten på nabobordet fortel at han bur
med tanta si i storbyen medan han går på skule. Tanta nikkar
smilande medan ho slurpar i seg te frå tallerkenen, nett slik som
ein gjorde i gamledagar. Atmosfæra i stova er varm og interiøret i
mørkt jungeltre er innbydande. Teak frå Myanmar er kjend over heile
verda for å vere av ypparste kvalitet. Karane går ut for å gjere det av med den blodraude tobakkssafta frå betelnøttene dei ustanseleg tyggjer i seg.
Denne testova er ikkje den einaste av sitt slag. Tekulturen står sterkt her i landet og testovene ligg tett i tett i kvar einaste by og tettstad i Myanmar. Landet er ein smeltedigel av ymse nasjonalitetar og religionar. Arabarar og indarar har innvandra frå vest og kinesarar og japanesarar frå aust. I kjølvatnet etter at dei mongolske hordane til Kublai Khan plyndra landet finn ein óg dei med røter frå slettene i kjølige nord. Ein treng ikkje lang tid før ein forstår at det herjar store etniske og sosiale problem her i landet. I nord finn ein verdas lengste væpna konflikt, som har pågått heilt sidan japanske styrker invaderte landet under krigen. Konflikta mellom regjeringa og det kristne kachinfolket er minst like blodig i dag som nokon gong før. Medan vi var i området gjekk studentar og lærarar i Myitkyina i demonstrasjon fordi to lærerinner nyleg hadde vorte valdtekne og drept av soldatar frå regjeringa. Overgrepa til militærdiktaturet eig ikkje grenser. På universitetet slit fire femdelar med heroin, men regjeringa lyfter ikkje ein finger for å få bukt med problemet. Det einaste ein finn av avrusningsterapi er bibel og glattcelle. Her kan ein kjøpe ei dose for under dollaren. Kombinasjonen lett tilgang og god lønning frå jadegruvene har gjort Myitkyina til ein av verdas mest heroinavhengige byar. Kachinfolket meiner dette er eit bevisst grep frå regjeringa for å setje sinte opprørarar ut av spel.
![]() |
Tapre og trøytte smil. Kva framtid ventar Kachin-ungdommen? Foto: Håkon |
- Hans