26. feb. 2015

I kongeleg selskap

Vi er i nordlege India, men skranglete nett og dårleg tid har sett ein brems for skrivinga. Her er ei soge frå Myanmar.

26.02. | Planen var å ta båt frå Katha til Mandalay, for å fullføre rundreisa i nord ved å sakte gli ned Irrawaddyelva. Vi hadde kjøpt inn komplett uteliggarpakke, med pledd, matte og luve, og var rusta både fysisk og mentalt til eit døgn på dekk. Men å ta denne båten skulle vise seg å vere lettare sagt enn gjort. Trass i kva dei lokale og karane i båtinformasjonen fortalde oss om ankomst og avreise, ville ikkje båten dukke opp. Vi var tre dagar båtfaste i Katha.

Ho Mor Åse seier at som regel så er ikkje ting så galne at dei ikkje er gode for noko. Visdomsorda frå ho gamlemor skulle vise seg gjeldande også her, under den traumatiske ventinga på skipper og skute. På veg til og frå kaia gjekk vi nemleg forbi eit rett livleg kalas. Karar i rutete sarongar hadde stimla seg rundt eit av borda ved den vegsidesliggjande testova. Latter og høge tilrop tyda på at det kunne løne seg å sjå innom. Med utsikt over Irrawaddy braka burmeserane saman med hestar og tårn. Ein gut med oransje lugg geleida oss til eit bord og fann fram både sjakkbrett og tidtakingsapp. Guten med luggen kom dit kvar dag med hest og kjerre, for han var jockey og jobba i sjakkbula på si. Det var tydleg at det var ein eksklusiv herreklubb vi hadde trakka oss inn i. Det var berre to kvinner å observere. Den eine dama var på kjøknet, og den andre kom snøgt innom for å kjefte på ektemannen. Ho var nok lei av at han sneik seg unna for å henge med kompisane. Etter tre dagar med tedrikking frå morgon til kveld skulle vi bli godt kjende både med spel og spelarar.



Ein kan dele dei burmesiske karane inn i to kategoriar. Dei med og dei utan sarong. Karane i sjakklubben bér stolt på sarongen. Dei står i sterk kontrast til skinnjakkene, både i utsjånad og framtoning. Skinnjakkene finn ein på lugubre bular, der dei stirar stygt på deg gjennom tett tobakksrøyk. Det har lenge vore gnissningar mellom dei militære og dei intellektuelle i Myanmar. Da det militære tok over vart dei med litt for mykje mellom øyra tvangsutsendte. Det skulle ikkje ta lang tid før ein såg kva katastrofale konsekvensar dette skulle få, for det vert ikkje mykje flyt på eit brett med brikkar som berre går rett fram. Av alle dei asiatiske diktatura frå etterkrigstida er Myanmar det som verkeleg heng fast i bakevja, kavande og hjelpelaust.

Tida i Katha skulle vise seg å bli riktig så trivleg. Til slutt kasta vi inn handkledet og tok nattbuss til Mandalay. Båtturen lyt vente til neste gong og den ubrukte uteliggjarpakka fekk nye og meir trengjande eigarar. Sarongkarane er med oss på reisa. Vi har skaffa oss ei utgåve reisesjakk som vi dreg fram nå vi har ei ledig stund – og på reise er det mange av dei.

- Hans 
• • •